3 elevar i 7. trinn heldt ein flott 17. mai tale på Bygdahuset som var fyllt med folk. Etterpå var klassen med på årets fotballkamp saman med foreldra og laga flott underhaldning.
Over 100 deltok på karnevalet som 7. trinn arrangerte fredag kveld. Mange fine kostymer og kreative utkledningar.
Med leik, limbo og dans vart det ein triveleg kveld for både liten og stor.
Tysdag 6.mars hadde vi ein fanstastisk skidag i strålande solskinn. Elevane fekk velje mellom å reise til Skaret eller vere på Tusten. Begge stadar tente vi bål, grilla og kosa oss.
Onsdag 7.mars er det foreldremøte frå 18.00 - 19.30 på Malme skule. Tema for møtet er "Digital mobbing" og foredragshaldar er Evy Marie Tofte frå Barnevakten. Vel møtt!